Gå til innhold

Tips Tolletaten om smugling

Tolletaten ynskjer tips frå publikum om smuglingsaktivitetar. Tipstelefonen er døgnopen og du kan tipse anonymt. Ring telefon 915 0 48 12.

Tolletaten har teieplikt om opplysningar vi tek imot, og opplysningane behandlar vi konfidensielt.

Tolletaten vil ikkje ta kontakt tilbake utan at dette er spesielt avtalt med deg. Det vil vere opp til deg om du vil fortelje oss namnet ditt og eventuell anna kontaktinfo.

Ved mistanke om smugling ynskjer vi opplysningar om:

  • Kven er involvert i smuglinga? Namn på personar, firma eller andre opplysningar som kan bidra til identifisering
  • Kva slags vare skal smuglast?
  • Kor vil smuglinga skje?
  • Når vil smuglinga skje? Fortel oss tidspunktet så langt det lar seg gjere
  • Korleis vert vara smugla? Transportmåte, eventuelt kjennemerket til transportmiddelet, og skjulestad
  • Annan informasjon som kan vere relevant for Tolletaten

Med hjelp frå publikum vil Tolletaten kunne gjere ein enda betre jobb med å verne samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer.

Ring tipstelefonen på telefon (+47) 0 48 12 eller (915) 04812.