Gå til innhold

Reise med kulturminne og antikvitetar

Du kan ikkje ta med antikvitetar eller gjenstandar med kunstnerisk, kulturell eller historisk verdi inn eller ut av Noreg uten særskild løyve.

Ut av Noreg

Ønskjer du å ta med deg slike antikvitetar eller kulturminne ut av Noreg, må du ha eit utførselsløyve . Dette søker du om hos Norsk Kulturråd eller fagansvarleg Vedtaksinstitusjon. Du må i tillegg huske å deklarere varen til Tolletaten når du reiser ut av Noreg. 

Inn til Noreg

Om du ønskjer å ta med deg ein kulturgjenstand inn til Noreg, må du undersøkje om du treng eit utførselsløyve frå landet der du kjøper eller har kjøpt gjenstanden. Når du kjem til Noreg må du stanse i tollen - på raud sone og vise originalt eksportløyve frå kulturstyresmakten i avsenderlandet .

Søk råd hos Kulturdirektoratet

Nærare informasjon om utførsel av kulturminne frå Noreg og korleis du søkjer om utførselsløyve får du hos Kulturdirektoratet.