Gå til innhold

Forenkling ved bruk av ATA-carnet

Du kan bruke eit ATA-carnet for varer som skal mellombels ut av Noreg.

Bruk av ATA-carnet er eit forenkla alternativ for å deklarere varer. Mellom anna kan idrettsutøvarar, musikkgrupper og næringsdrivande som tek med seg utstyr mellombels ut av Noreg bruke eit ATA-carnet.

Døme på varetypar der du kan bruke ATA-carnet:

  • yrkesutstyr (til dømes lyd og lysutstyr, testutstyr, rallybilar og motorsyklar for løp, musikkinstrument)
  • vareprøver (til dømes prøvekolleksjonar)
  • varer for messer og utstillingar (til dømes demonstrasjonshjelpemiddel, materiell til stands, reklamemateriell)

Eit ATA-carnet består av ferdig utfylte ark som du kan nytte ved mellombels eksport frå Noreg. Ved utreisa leverer du utførselsarket til Tolletaten, som tek vare på dette. Tolletaten skal også attestere på gjeninnførselsarket som du skal levere ved innreisa. Det betyr at du må stoppe hos Tolletaten for å få carnetet handsama ved både ut- og innreise.

Du kan også nytte ATA-carnetet i dei landa der varene berre vert sendt gjennom (transitt) før dei kjem til importlandet.

Det er handelskammeret i landet der vara vert utført frå som ferdar ut eit ATA-carnet. I Noreg er dette Oslo Handelskammer. Du må undersøke med handelskammeret kva eit ATA-carnet kostar og i kva for høve du kan nytte det. Ved å selje deg eit ATA-carnet stiller handelskammeret som garantist for tollavgift og andre avgifter. Det vil seie at carnetet fungerer som ein garanti for tollavgift og andre avgifter.

Tilfelle der du ikkje kan nytte ATA-carnet

Du kan ikkje nytte ATA-carnet dersom føremålet med den mellombelse eksporten er å tilarbeide eller reparere ei vare. Paring, trening og veterinærbehandling av dyr vert rekna som tilarbeiding eller reparasjon av ei vare.