Gå til innhold

Tolldagen 2022

Tolldagen 24. november i Oslo Kongressenter | Tolletaten

Kvart år arrangerer Tolletaten ein heildagskonferanse som heiter Tolldagen. I år blir den arrangert den 24. november 2022.

I fjor var det over 1000 deltakarar frå heile landet som enten fekk sett konferansen i Oslo eller deltok på direktesendinga. Vi håper på å sjå enda fleire i år.

Torsdag 24. november 2022

Stad: Oslo Kongressenter
Dato: 24. november 2022
Tid: 09:00 - 15:30

 

Du kan enten delta på konferansen i Oslo eller sjå direktesendinga. Det vil bli mogleg å få kjøpt tilgang til opptaket i ettertid.

Tema for Tolldagen 2022

Overordna tema for konferansen er internasjonal handel i ei kriseprega verd.

Hovudtalarar

  • Tolldirektør Øystein Børmer.
  • Sjef for Økokrim Pål Kulø Lønseth.
  • Hovudlærar ved Forsvarets høgskule Geir Hågen Karlsen.
  • Utanriksdepartementet ved seksjon for eksportkontroll.
  • Sjefsøkonom i NHO Øystein Dørum.

Program

Vi skal ha mange spennande tema og foredragshaldarar på scenen den 24. november 2022.

Du finn spilleliste med alle høgdepunktaf frå Tolldagen på YouTube-kanalen vår i etterkant av konferansen. Ønskjer du å sjå heile konferansen frå start til slutt, må du melde deg på direktesendinga.

Stand: Snakk med oss og nokre av våre samarbeidspartnarar

I pausane kan du stille fagpersonar spørsmål du lurer på. Her møter du fagfolk frå:

  • Miljødirektoratet
  • Mattilsynet
  • Tolletaten
Følg oss og Tolldagen i sosiale medier
Tidligere konferanser med lenker til presentasjoner