Gå til innhold

Kva er EORI-nummer?

EORI-nummer (Economic Operator Registration and Identification number) er eit unikt identitetsnummer (kundenummer) hjå tollstyresmaktene i EU.

EORI-nummeret startar med landkoden til EU-landet som har tildelt dette, deretter kjem eit nummer som er unikt i dette landet. 

Kven treng EORI-nummer?

Verksemder og personar som utvekslar elektronisk informasjon direkte med tollstyresmaktene i EU må ha eit EORI-nummer som identifikasjonsnummer.

Korleis kan du skaffe eit eori-nummer?

Verksemder og personar som ikkje er etablerte i EU sitt tollområde, kan søke tollstyresmaktene i eit EU-land om tildeling av EORI-nummer.

Du kan lese meir om EORI-nummer på nettsidene til EU-kommisjonen eller Tullverket SE.

 

Sjekk om eit EORI-nummer er gyldig
Fant du det du lette etter?