Gå til innhold

Verdigrensa

Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil

6 000 norske kroner utan å betale toll og avgifter. Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for 3 000 norske kroner toll- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå alkohol- og tobakksvarer. 

Turistar

Dersom du er turist, og ikkje er busett i Noreg, er det inga konkret verdigrense for kva du kan ha med deg mellombels til Noreg som reisegods.

Døme på slikt reisegods er kle, pc, mobil, smykke og anna du skal bruke under opphaldet og ta med deg tilbake ut av Noreg. Har du med deg varer som skal vere igjen i Noreg, til dømes varer du skal gi bort eller bruke opp, kan du ikkje ha med deg varer for meir enn verdigrensa på 6 000 kroner.

Fortolling av varer over verdigrensa

Dersom du har handla over verdigrensa, skal du betale 25 prosent meirverdiavgift på dei fleste varer. I tillegg er det nokre varer som har toll. Forenkla sagt gjeld dette berre klede og matvarer.

Du betaler avgifter ved å gå på raud sone når du kjem til grensa. Du må sørgje for å velje ein grenseovergang med eit betjent tollkontor.

Du kan sjølv velje kva for varer som skal gå inn i verdigrensa.

Eksempel: Har du vore ute av Noreg i meir enn 24 timar og har kjøpt ein sofa til 5 000 kroner og ein barnevogn til 3 000 kroner, løner det seg å la sofaen vere ein del av verdigrensa, mens du betaler avgifter for barnevogna.

Hugs at dersom verdien av éi vare er over grensa, må du betale toll og avgifter for heile verdien til vara. Har du til dømes kjøpt ein sofa til 10 000 kroner, må du betale avgifter for heile verdien.

Varer som utgjør eit heile, kan du ikkje dele og innføre over fleire reiser, eller av fleire personar. Dette gjeld sjølv om verdien av den enkelte del er mindre enn verdigrensa. Har du til dømes kjøpt eit kjøkken for 50 000 kroner, kan du ikkje trekkje ut delar av kjøkkenet for å fylle opp den tollfrie kvota på 3 000 eller 6 000 kroner. Men du kan da bruke den tollfrie kvota på andre varer innanfor verdigrensa.

Fant du det du lette etter?