Privatpersonar kan innføre øl, vin, brennevin og anna alkoholhaldig drikke til personleg bruk i sendingar utan å søkje om løyve.
Aldersgrenser og alkoholprosent
For å innføre alkoholhaldige drikkevarer må du vere over 18 år. For brennevin eller anna drikke med alkoholstyrke over 22 volumprosent, må du vere over 20 år.
Det er forbudt å innføre alkoholhaldig drikk som inneheld over 60 volumprosent alkohol.
Kva er privat innførsel?
For at innførselen skal reknast som privat innførsel må privatpersonar på eiga hand innføre den alkoholhaldige drikken og stå som importør både formelt og reelt. Den innførte alkoholhaldige drikken skal vere meint for bruk i privat samanheng, til dømes til eige bruk eller i familien.
Det vert ikkje rekna som privat innførsel dersom fleire private personar går saman om ein felles innførsel der ein person står for bestillinga. Det vert heller ikkje rekna som personleg bruk dersom den som tek imot alkoholdrikken, som ein annan privatperson har innført, betalar for den eller yter andre tenester i gjengjeld. Det er ingen andre enn kjøpar, selgar i utlandet og ein transportør, som kan involverast i sals- og utleveringsprosessen.
Fortolling
Transportøren vil normalt fortolle sendinga på vegner av deg og leggje ut for avgiftene.
Dersom du ønskjer å fortolle sjølv, må du på førehand avtale dette med transportøren slik at han ikkje fortollar sendinga, men sender deg ei melding om at sendinga er komen og registrert inn på transportøren sitt tollager. Meldinga inneheld mellom anna registreringsnummeret sendinga har i tollageret til transportøren. Deretter oppsøkjer du nærmaste tollkontor og fortollar sendinga. Etter fortollinga må du kontakte transportøren for å avtale levering eller henting av sendinga.
Utrekning av avgift
Dette må du betale ved innførsel av alkohol
- alkoholavgift
- emballasjeavgift
- frakt
- meirverdiavgift
- i nokre tilfelle toll
- eventuelt fortollingsgebyr til speditør/deklarant (til dømes Posten) etter deira satsar.
Alkoholavgifta
For å rekne ut alkoholavgifta må du vite alkoholstyrken på drikken du ønskjer å innføre. Det er fem ulike avgiftssatsar:
Alkoholhaldig drikk | Volumprosent alkohol | Kroner |
---|---|---|
Basert på brennevin | over 0,7 | 8,22 pr. volumprosent og liter |
Lettøl og anna | over 0,7 t.o.m. 2,7 | 3,31 pr. liter |
Lettøl og anna | over 2,7 t.o.m. 3,7 | 12,44 pr. liter |
Øl og anna | over 3,7 t.o.m. 4,7 | 21,55 pr. liter |
Vin og sterkøl | over 4,7 t.o.m. 22,0 | 4,82 pr. volumprosent og liter |
Brennevin | over 22,0 t.o.m. 60,0 | 8,22 pr. volumprosent og liter |
Meirverdiavgift
Meirverdiavgifta på alkohol er 25 prosent av den totale summen når du legg saman
pris på vara +
eventuell toll og andre avgifter +
frakt +
eventuell forsikring +
eventuelle gebyr, provisjonar eller liknande.
Nokre rekneeksempel på avgifter (satsar for 2022)
Vin, éi kasse (12 stk, 0,75 liter, 13 %)
Innkjøpspris: | kr 600,00 |
Frakt: | kr 300,00 |
Særavgifter: | |
- avgift på alkohol, kr. 4,82 pr. volumprosent og liter |
kr 563,94 |
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas), kr 6,28 pr. emballasjeeining |
kr 75,36 |
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,29 pr. emballasjeeining |
kr 15,48 |
Meirverdiavgift 25 % | kr 388,70 |
Totalt å betale: | kr 1 943,48 |
Øl, éi kasse (24 stk, 0,33 liter, 4,7 %)
Innkjøpspris: | kr 120,00 |
Frakt: | kr 300,00 |
Særavgifter: | |
- avgift på alkohol, kr 21,55 pr. liter | kr 170,68 |
- miljøavgift på drikkevareemballasje (metall), kr 6,28 pr. emballasjeeining |
kr 150,72 |
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,29 pr. emballasjeeining |
kr 30,96 |
Toll kr 1,28 pr. liter | kr 10,14 |
Meirverdiavgift 25 % | kr 195,63 |
Totalt å betale: | kr 978,12 |
Brennevin, éi kasse (12 stk, 0,70 liter, 40 %)
Innkjøpspris: | kr 1 600,00 |
Frakt: | kr 300,00 |
Særavgifter: | |
- avgift på alkohol, kr 8,22 pr. volumprosent og liter | kr 2 761,92 |
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas), kr 6,28 pr. emballasjeeining |
kr 75,36 |
- grunnavgift på eingongsemballasje, kr 1,29 pr. emballasjeeining |
kr 15,48 |
Meirverdiavgift 25 % | kr 1 188,19 |
Totalt å betale: | kr 5 940,95 |
I tillegg kjem ein pris for fortollinga, men dette er avhengig av kven som fraktar og fortollar vara for deg.