Du skal ikkje betale tollavgift eller meirverdiavgift på bøker til eige bruk.
Fritaket for meirverdiavgift gjeld som regel også:
- aviser og tidsskrift
- teikneseriar gjeve ut i bokform
- songbøker
- lydbøker som har same innhald som ei trykt bok
- Fritaket gjeld ikkje for bøker som vert selde saman med ein anna type vare og som er ein del av ei felles vareeining
Eksempel
- Du betalar meirverdiavgift for ei bok som du bestiller saman med ei t-skjorte som ei samla vare med felles pris
- Du betalar ikkje meirverdiavgift dersom du bestiller ei bok samtidig med andre varer frå same nettbutikk, og der boka er bestilt uavhengig av dei andre varene
Det kan i enkelte tilfelle vere vanskeleg å vite kva som vert rekna som ei bok og ikkje.
Eksempel på kva som ikkje er ei bok
- notehefte
- fotobøker
- Sjå definisjonen på bøker i meirverdiavgiftsforskrifta
- Sjå Skatteetatens nettside