Gå til innhold

Import av levande dyr

Dersom du skal importere levande dyr, må du alltid kontakte Mattilsynet før dyra kjem til Noreg.

Import av dyr er strengt regulert, og regelverket er stadig i endring.

Du må setje deg inn i reglane som gjeld for import av dyr generelt og for den aktuelle arten spesielt.

Nokre av reglane er felles med EU, medan andre er spesielle for Noreg.

Du som er importør skal registrere deg via skjematenestene til Mattilsynet.

Ved handel innan EU/EØS med levande dyr, og dersom du skal importere levande dyr frå tredjeland (land utanfor EU/EØS-området), må du registrere deg i ein felles EU-database kalt TRACES (EU TRAde Control and Expert System).