Gå til innhold

Import av trua plante- og dyreartar

Dersom du skal importere trua dyr og plantar eller produkt av desse, sokalla Cites-varer, skal eit Cites-sertifikat følgje vara. 

Det er Miljødirektoratet som forvaltar regelverket om Cites. Du finn ei oversikt over kva varer Cites-regelverket gjeld for på nettsidene til Miljødirektoratet.

Dersom produktet står på Cites Liste A eller B, må du ha innførselsløyve frå Miljødirektoratet, samt Cites-sertifikat skrive ut i eksportlandet. 

Du treng ikkje innførselsløyve frå Miljødirektoratet for Cites liste B varer ved import frå EU/EØS, med unnatak for dyr oppdretta i EU/EØS land. Import av til dømes reptil, krev såleis båe innførselsløyve frå Miljødirektoratet og Cites-sertifikat skrive ut i eksportlandet. 

For bedrifter

Cites-produkt er ikkje alltid registrert i TVINN-systemet. Ved oppslag og søk vil det difor ikke vere mogleg for deg å slå fast om regelverket gjeld for vara eller ikkje. I desse tilfella må du sjekke Miljødirektoratet si sjekkliste over Cites-varer .

Dersom du manglar nødvendig dokumentasjon, må du kontakte Miljødirektoratet.

For privatpersonar

Er produktet ei Cites-vare? Sjekk Miljødirektoratet si sjekkliste over Cites-varer

Dersom du manglar nødvendig dokumentasjon, må du kontakte Miljødirektoratet.

Når du kjem til Noreg med Cites-varer skal du gå/køyre på raud sone i tollen, slik at du kan leggje fram den naudsynte dokumentasjonen.  


Endringshistorikk

04.07.2018: Ny Cites forskrift trådde i kraft 1. juli 2018 - liste 1, 2 og 3 har vorte liste A, B og C. Nytt krav til Cites innførselsløyve for liste B varar har vorte iverksett.