Gå til innhold

Drawback - tilbakebetaling av tollavgift

Du må velja om du vil skriva ut eit opphavsbevis eller få tilbake tollavgiften for ikkje-opphavsmateriale som er nytta i ferdigvara. 

Har du betalt tollavgift på ein importert del og nytta denne som eit innsatsmateriale i ein eksportert ferdigvare, kan du få betalt tilbake tollavgiften på den importerte delen.

Merk deg at du ikkje kan få betalt tilbake tollavgiften for den importerte delen dersom du eksporterar ferdigvara med eit opphavsbevis.

Dersom den importerte delen ikkje er med i vareomfanget til den aktuelle frihandelsavtala kan du få tilbake tollavgiften for den importerte delen.

Du må difor gå inn i den frihandelsavtala du skal nytta og sjå om den importerte delen er nemd der.

Du kan sjøl velja om du vil søkja om å få tilbake tollavgiften eller selja dei eksporterte varene som opphavsvarer.

Det finnast nokre overgangsordninger og unnatak. Desse finn du i dei einskilde frihandelsavtalene. I EØS-avtala finn du reglane i artikkel 14. Her er både dei "gamle" reglane og dei nye reviderte reglane i tillegg A. 

I dei reviderte reglane er forbodet mot drawback sletta, med unnatak for tekstilar. I enkelte avtalar er også unnataket for tekstiler sletta.