Tollfritak eller lågare toll når du eksporterer til andre land
Mange land har toll på varer. Bruker du opningane som ligg i frihandelsavtalane Noreg har, kan handelspartnaren din få lågare toll eller tollfridom ved import til sitt land. Dette kallar vi preferansetollbehandling.
For å kunne få dette, må desse krava vere oppfylte
- vara må vere omfatta av ein frihandelsavtale
- du må fylle ut eit opphavsbevis
Er vara omfatta av ein frihandelsavtale?
Frihandelsavtalane omfattar ikkje alle varer. Du må derfor sjekke vareomfanget for den enkelte avtale før du fyller ut opphavsbevis. Vareomfanget er omtalt i eigne protokollar eller vedlegg til avtalane. Til dømes gjeld EØS-avtala berre for
- varer som høyrer inn under kapittel 25 til 97 i tolltariffen, med unnatak av varer oppført i protokoll 2
- varer oppført i protokoll 3
Protokoll 9 til EØS-avtalen omhandlar handel med fisk og andre produkt frå havet. Sjå også her:
Ein frihandelsavtale omfattar ikkje alle varer
I alle avtalane er det i tillegg krav som må vere oppfylte for at vara skal få opphav. Krava varierer ut frå kva slags vare det er snakk om. Kva slags krav som gjeld for vara di, finn du i opphavsreglane til frihandelsavtalane. I mange tilfelle kan du justere produksjonsprosessen slik at han innfrir desse krava.
Opphavsreglane gjev retningslinjer for nasjonaliteten til vara og kva fordelar og plikter opphavet til vara medfører for deg. Dei er tekne inn i vedlegg til den enkelte frihandelsavtalen, i form av protokollar eller anneks. I EØS-avtala finn du opphavsreglane i protokoll 4 og i lista i vedlegg II (listereglane). Sjå også:
Opphavsbevis
Det er fleire former for opphavsbevis. Dei mest brukte er varesertifikat EUR 1 og opphavserklæring. Du som eksportør har ansvar for at det er utferda et opphavsbevis og at det følgjer vara ved eksport.
Opprinnelse - spørsmål og svar
Hva er forskjellen på EUR. 1 og Certificate of Origin? Hva er toleranseregelen? Få svar på dette og mange andre spørsmål.
Bindende opprinnelsesuttalelser
Importører av varer til Norge, eksportører av varer fra Norge, eller produsent av varer som skal utføres eller innføres til Norge, kan søke om å få en bindende opprinnelsesuttalelse (BOU).
Frihandelsavtaler
EØS-avtalen, EF/Norge-avtalen og oversikt over frihandelsavtalene inngått på EFTA-nivå. Referanse til vareomfanget i den enkelte avtale ligger i iverksettelsesrundskrivet eller som lenke til vedlegget under hver avtale.
Tollfritak eller lågare toll
Oppdatert: 4.12.2024