Pressevakta loggar alle spørsmål frå journalistar. Føremålet med logginga er å kunne gi god service til journalistane.
Dersom du ikkje ønskjer at vi loggar personopplysningar om deg, kan du gi beskjed om det. Opplysningane om deg (namn, telefonnummer og e-post) slettar vi etter to år.
Vi kan dele opplysningane med samarbeidande etatar og Finansdepartementet i samband med pågåande saker.
Tolletatens kommunikasjonseining i direktoratet har ansvaret for presseloggen. Dersom du ønskjer innsyn i eventuelle opplysningar om deg, kan du ta kontakt ved å sende ein e-post til pressevakt@toll.no. Vi slettar eller rettar opplysningar dersom du ber om det.