Føremålet med nettstaden toll.no er å gi informasjon og rettleiing på område som Tolletaten har ansvaret for.
Brukerdialogavdeligen i Tolletaten er behandlingsansvarleg for personopplysningar på nettsidene til Toll.no
Kontakt oss på nettmester@toll.no
Informasjonskapslar og nettstatistikk
Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som nettstaden du vitjar lagrar på datamaskinen din. Nettstaden nyttar informasjonskapslane til:
- å gi dei som vitjar nettstaden tilgang til ulike funksjonar på nettstaden, og
- gi Tolletaten statistikk over besøk på nettstaden.
Når du vitjar nettstaden, må du godkjenne at informasjonskapslar vert nytta. Du godkjenner informasjonskapslar ved å tillate bruk av informasjonskapslar i nettlesaren din.
Matomo Analytics
For å analysere brukarmønster på nettsidene våre bruker vi analyseverktøyet Matomo.
Informasjonen som blir samla inn via Matomo, blir lagra på Matomo sine serverar i Europa (Cloud). Matomo plasserer to informasjonskapslar i nettlesaren din. Desse har namn som begynner med _pk_id og _pk_ses.
Her finn du nokre eksempel på kva statistikken fortel oss:
- Kor mange som besøker ulike sider
- Korleis brukarane navigerer på og mellom dei ulike sidene
- Kor lenge kvart besøk varer
- Kva for nettstader brukarane kjem frå
- Kva slag nettlesarar som blir brukt
Informasjonen vi samlar inn med Matomo er anonymisert. Informasjonen som blir lagra kan ikkje knytast direkte til ei konkret IP-adresse.
Det er ikkje krav om noko form for innlogging med personopplysningar for å kunne lese på nettsidene våre.
Informasjonskapsel | Føremål | Levetid |
ASP.NET_SessionId | Held brukaren sin sesjonsidentifikasjon (sessions id), som serveren igjen nyttar for å finne brukaren sin sesjon. | Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka. |
BIGipServerta-epi-
http |
Held informasjon om kva for ein node brukarane «jobbar» mot. Vert nytta av lastbalanseraren. | Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka |
EpiserverLogin | Vert nytta i samband med endring og oppretting av abonnement når brukaren loggar inn | Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka |
.ASPXROLES | Vert nytta over hele nettstaden dersom ein bruker er innlogga. Fortel nettstaden kva for ein rolle brukaren har. | Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka |
Korleis unngår du informasjonskapslar?
Dersom du vil avvise informasjonskapslar, så må du endre innstillingane i nettlesaren slik at du enten blokkerer informasjonskapslar (cookies) frå å verte lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å laste ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som du har lasta ned tidlegare, kan du også slette i nettlesaren. For meir informasjon, sjå dokumentasjonen for den nettlesaren du nyttar.