Alkohol og tobakk over kvoten

Forenkla ordning for overgang til fri disponering av alkohol- og tobakksvarer for reisende

Som reisande til Noreg (og frå Svalbard og Jan Mayen) kan du, i tillegg til den avgiftsfrie kvota, nytte ei forenkla ordning for overgang til fri disponering for inntil 27 liter øl og/eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar og 500 gram tobakk eller snus.

Som reisande til Noreg (og frå Svalbard og Jan Mayen) kan du, i tillegg til den avgiftsfrie kvota, nytte ei forenkla ordning for overgang til fri disponering for inntil 27 liter øl og/eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar og 500 gram tobakk eller snus.

Du kan nytte den forenkla ordninga for varene over kvoten ved bruk av til dømes Kvoteappen, eller så må du gå på raud sone og deklarere der.

Vær merksam på at du ikkje kan bruke forenkla ordning på varer som du kjøper ved ankomst i avgiftsfritt utsal (taxfree) på lufthamn. Slike varer må du deklarere for prosedyren overgang til fri disponering med vanlege avgiftssatsar.

Satsar for 2024

VareMengdeSats
Øl (også sterkøl) over 2,5 volumprosentTil saman inntil 27 liter24 kr pr. liter | 7,47 kr pr. liter
Drikk med alkoholstyrke over 2,5 til og med 4,7 volumprosentTil saman inntil 27 liter24 kr pr. liter | 7,47 kr pr. liter
Drikk med alkoholstyrke over 4,7 og under 15 volumprosent (f.eks. vin)Til saman inntil 27 liter67 kr pr. liter | 51 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke frå og med 15 til og med 22 volumprosent (f.eks. sterkvin) Til saman inntil 27 liter129 kr pr. liter | 94 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke over 22 til og med 60 volumprosent (f.eks. brennevin)Inntil 4 liter411 kr pr. liter | 282 kr pr. heilflaske
Røykjetobakk Til saman inntil 500 gram377 kr pr. 100 gram
SnusTil saman inntil 500 gram117 kr pr. 100 gram
SkråtobakkTil saman inntil 500 gram156 kr pr. 100 gram
Sigarar og sigarillosTil saman inntil 500 gram377 kr pr. 100 gram
SigarettarInntil 400 stk. 377 kr pr. 100 stk.
Sigarettpapir og -hylserInntil 400 stk. 6,95 kr pr. 100 blad/hylser
E-væske med nikotinInntil 40 milliliter6,44 kr pr. milliliter
Tobakk til oppvarmingInntil 400 gram377 kr pr. 100 gram
Andre nikotinvarerInntil 400 gram61 kr per 100 gram

Ønskjer du å importere større mengder alkohol enn dette, gjeld vanlege avgiftssatsar.

a11y-title

Privat import av alkohol frå utlandet

a11y-title

Privat import av tobakk og snus frå utlandet

Du kan ikkje innføre drikkevarer med alkohol med alkoholstyrke over 60 prosent utan særskilt løyve.

Oppdatert: 19.12.2024