Skal du innføre bark, rein eller i blandingar, må du ha eit sunnheitssertifikat.
Bark går under varenummer 44.01.4019 og 44.01.4029 i tolltariffen. Ønskjer du å importere bark, må du melde sendinga til Mattilsynet på førehand.
Importforbod
Det er forbode å importere isolert bark, tre med bark og flis av tømmer med bark av bartre frå land utanfor Europa samt Portugal. I tillegg er det forbode å importere isolert bark av nokre lauvtreslag frå ulike land utanfor Europa.