Lagring av utanlandsk fritidsbåt i Noreg

Lagring av utanlandsk fritidsbåt i Noreg

Dersom du er busett utanfor Noreg, eller du har mellombels opphald i Noreg, kan fritidsbåten etterlatast i seks veker. Dersom du vil lagre båten lenger, må du søkje Tolletaten om dette.

Etterlate båten i inntil seks veker

Du kan etterlate ein mellombels innført båt i Noreg i inntil seks veker i løpet av ein periode på 12 månader utan å søkje Tolletaten om løyve til lagring. Båten kan ikkje disponerast av andre i denne perioden.

Lagring av båt i inntil to år

Dersom du ynskjer å etterlate båten lenger enn seks veker, må du søkje Tolletaten om løyve til dette på eige skjema før du forlèt landet. Totalt kan ein båt brukast og lagrast i Noreg i to år samanhengande frå innførselstidspunktet. I fyrste omgang søkjer du om å få etterlate båten i eitt år rekna frå det tidspunktet han vart innført. Har du behov for å etterlate båten endå lenger, kan du søkje Tolletaten om å få lagre båten vidare inntil du når grensa på to år. Ein slik søknad må vere sendt til Tolletaten før den opphavlege fristen går ut. Etterlaten båt kan ikkje disponerast av andre i desse periodane.

Slik søkar du

Søknad for mellombels lagring av fartøy i Noreg sendast inn via Altinn

Har du eit norsk organisasjonsnummer, ID nummer eller D-nummer må du logga inn i Altinn på vanleg måte. Dersom du ikkje har dette, vel alternativet logg inn utan fødselsnummer/d-nummer.

Brukarar utan norsk person- eller D-nummer

Dersom du ikkje har norsk organisasjonsnummer, ID-nummer eller D-nummer, må du gjera følgjande:

  • Logg inn på Altinn.
  • Vel "Logg inn utan fødselsnummer/D-nummer".
  • Vel «Lag ny brukar» nedst og fyll ut feltane.
  • Når brukaren er oppretta kan du logga inn med brukaren og starte innsendinga av søknaden.

Her finn du meir utfyllande informasjon for korleis du opprettar brukar i Altinn.

Dette må du ha klart før du søkar

Ved innsending av søknad må følgjande vedleggjast:

  • Stadfesting på avtale om lagring av fartøyet (eksempelvis e-post, faktura, kontrakt, stadfesting frå marina etc.)
  • Kopi av pass/ID-kort for den som skal importera og eksportera fartøyet
  • Dersom du søkar på vegner av andre, legg ved fullmakt.

Lovverk

Sjå bestemmelsen for etterlatelse av fartøy i vareførselsforskriften § 4-6-8.

Oppdatert: 25.9.2024