Elektriske køyretøy

Elektriske køyretøy med verdi til og med 500 000 kroner er fritekne for meirverdiavgift. Er verdien over 500 000 kroner, må du betale 25 % meirverdiavgift av beløpet som overstig dette. Dette gjeld for både nye og brukte køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i Noreg.

Meirverdibestemmelsane nemnt over, gjeld også for dei sokalla trolleybussane som går i bestemt rute i Bergen. Skal du til dømes importere elektriske rullestolar, motoriserte sparkesyklar, elektriske køyretøy som skal brukast innandørs på flyplassar eller elektriske køyretøy som blir brukt på golfbaner, må du betale meirverdiavgift. Det same gjeld hybridbilar som nyttar både forbrenningsmotor og elektrisk motor.

Delavgift

Frå 1. januar 2023 er det innført ei ny delavgift i eingongsavgifta basert på vekt. Den nye vektkomponenten vil gjelda for alle personbilar som blir registrerte i avgiftsgruppe A – også elektriske køyretøy. For vekt over 500 kg, skal det bereknast eingongsavgift med 12,98 kroner per kg.

Du skal heller ikkje betale eingongsavgift ved import av elektriske køyretøy.

Fritaket gjeld berre køyretøy som høyrer inn under Stortingets vedtak om eingongsavgift § 7 første ledd bokstav i, og som er registreringspliktige etter vegtrafikklova.

Regelverk

a11y-title

Fritak for merverdiavgift

Hovedregel er at du skal betale merverdiavgift ved innførsel av varer. I noen tilfeller kan du likevel få fritak. Det er opp til deg som importør å dokumentere at vilkårene for et eventuelt fritak er oppfylt.

Oppdatert: 19.1.2022