Utrekning av toleranse
Utrekning av toleranse
Når du skal rekne ut kor mykje tredjelandsmaterialar som du kan bruke, må du kjenne prisen/verdien på desse materialane. Du må også vite prisen på ferdigvara (pris fritt fabrikk).
For å berekne delen (vekt/volum) av tredjelandsmaterialane må du vite prisen/verdien på desse.
Dette kan du gjere på fleire måtar:
- Du kjenner prisen per eining (til dømes tollverdien) og kan knyte denne direkte opp mot "pris fritt fabrikk" for eksportvara - éin til éin prinsippet.
- Det finst ein kontraktfest pris som gjeld for ein viss periode, til dømes minstepris pluss ein prosentdel. Dersom du har fleire leveransar med ulike kontraktfeste prisar som inngår i produksjonen av eksportproduktet, kan du bruke eit vege gjennomsnitt av desse prisane.
- Dersom råvareprisane varierer frå dag til dag, kan du berekne ein gjennomsnittspris over ein viss periode. Berekningsperioden bør ikkje overstige ein månad.
Punkt 1 gjev den beste berekningsmåten, og du bør bruke denne når det er praktisk mogleg.
Kan du ikkje bruke éin til éin-prinsippet, må du vurdere andre berekningsmetodar. Dei berekningsmetodane vi har nemnt her, er reelt sett dei beste.
Du kan i samråd med Tolletaten bruke andre berekningsmåtar dersom du ikkje kan bruke dei som er nemnde ovanfor.
Oppdatert: 7.11.2024