Fremstilt i heilskap

Ei vare er rekna som framstilt i heilskap i Noreg (EØS) eller eit avtaleland når det i produksjonen berre er brukt materiale som har opphav i Noreg (EØS) eller det aktuelle avtalelandet.

Her er eit utdrag av kva som er rekna som "framstilt i heilskap" i Noreg (EØS):

  • levande dyr føydde og alte i Noreg (EØS)
  • produkt av levande dyr alte i Noreg (EØS)
  • produkt frå jakt og fiske drive i Noreg (EØS)
  • produkt frå sjøfiske og andre produkt tekne opp av havet utanfor norsk sjøterritorium ved hjelp av norske (EØS) fartøy
  • produkt framstilte på norske fabrikkskip utelukkande av produkt frå sjøfiske og andre produkt tekne opp av havet utanfor norsk sjøterritorium ved hjelp av norske (EØS) fartøy
  • avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd som har funne stad i Noreg (EØS)

For fisk fanga ved fiske i havet av fartøy frå Noreg (EØS), gjeld spesielle reglar om registrering og eigarskap, se EØs-avtala, protokoll 4, tillegg A, artikkel 3 nr. 2.

Avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd

Under definisjonane av kva som er rekna som "framstilt i heilskap" ovanfor, er det blant anna nemnt avfall og skrap frå fabrikasjonsverksemd som har funne stad i eit avtaleland. Det reiser spørsmål om avskjer og anna avfall frå fiskeproduksjon kan reknast som "framstilt i heilskap" slik at også avfall frå russisk fisk får EØS-opphav sjølv om avfallet blir utnytta til produksjon av varer i kapittel 3 og 16. Rekeskal, fiskebein, innvolar etc. kan som regel reknast som avfall og skrap.

Kva som elles kan reknast som slikt avfall og skrap, vil vere avhengig av kva som blir produsert. Det må derfor først avgjerast kva som er det primære produktet, til dømes filetar, klippfisk etc. Avfallet etter slik produksjon kan vere avskjer som finnar, restar av kjøt på bein, bein etc. Det kan ikkje gjevast noko eintydig svar, men ei vurdering må gjerast i kvart enkelt tilfelle.

Oppdatert: 6.11.2024