Makrellstørje, storøyet tunfisk og sverdfisk

Makrellstørje, storøyet tunfisk og sverdfisk

Det er krav til fangstdokumentasjon ved landing, import, eksport, reeksport og innanlands omsetning av makrellstørje, storauget tunfisk og sverdfisk.

Det er forbode å importera eller for utanlandske fartøy å landa desse fiskeslaga viss det ikkje følgjer med fangstdokument som er godkjende av styresmaktene i avsendarlandet.

Der er òg forbode å eksportera desse fiskeslaga dersom det ikkje følgjer med godkjent fangstdokument frå Fiskeridirektoratet.

Reeksport av desse fiskeslaga er forbode dersom det ikkje følgjer med godkjent fangstdokument og eit særskilt reeksportdokument som frå Fiskeridirektoratet. Reeksport betyr at fisk som har vorte importert til Noreg, blir igjen send ut frå landet.

Nummeret på fangstdokumentet skal førast i rubrikk 44 i tolldeklarasjonen (tilleggsopplysningar/ framlagte dokument) med referansekode FD.

Eksempel:
FD NO–09-123456

Importør og eksportør er sjølv ansvarleg for korrekt deklarering av fangsdokumentet.

Importøren skal straks sende kopi av fangstdokumentet til Fiskeridirektoratet per e-post.
Bruk "Fangsdokumentasjon for makrellstørje, storøyet tunfisk eller sverdfisk" i emnefeltet.

For fleire opplysningar sjå www.fiskeridir.no.

Oppdatert: 4.3.2025