Fyrverkeri

Fyrverkeri

Før du kan importere eksplosiv og fyrverkeri, må du registrere deg og få godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Dette er nødvendig for å sikre trygg handtering og forhindre at eksplosiv kjem i urette hender.

Import av eksplosiv og fyrverkeri

Før du kan importere eksplosiv, fyrverkeri og liknande, må du registrere deg og få godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Lovleg erverv av eksplosiv ber i seg at du skal handtere dette slik at det ikkje kan skje uhell og at eksplosiv ikkje skal bli borte eller hamne i urette hender. Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som handterer regelverket.

a11y-title

Les om erverv av eksplosiv på nettsidene til DSB


Kjøp av fyrverkeri i utlandet

Dersom du har kjøpt fyrverkeri til dømes på ein handletur til Sverige, må du ha med deg eit løyve til å innføre dette til Noreg.

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som avgjer om du kan innføre fyrverkeri du har kjøpt i utlandet. Du må derfor søkje DSB om løyve til å innføre fyrverkeri til Noreg. For å få eit løyve frå DSB må du ha eit kompetansebevis (sertifisering) frå Norsk brannvernforening.

a11y-title

Les meir om sertifiseringar på brannvernforeningen.no

Du skal alltid kontakte Tolletaten på raud sone dersom du har med deg fyrverkeri over grensa. Der må du vise fram gyldig løyve frå DSB.

Tolletaten beslaglegg fyrverkeri som vert avdekt i kontroll på grøn sone – uavhengig av om du har eit gyldig løyve frå DSB og om det du betalte for fyrverkeriet er innanfor tollavgift- og avgiftsfri kvote.

Har du spørsmål om innførsel av fyrverkeri eller korleis du søkjer om løyve til innførsel?

Oppdatert: 10.12.2024