Før du kan importere eksplosiv, fyrverkeri og liknande, må du registrere deg og få godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Lovleg erverv av eksplosiv ber i seg at du skal handtere dette slik at det ikkje kan skje uhell og at eksplosiv ikkje skal bli borte eller hamne i urette hender. Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som handterer regelverket.