Frukt, grønsaker, planter, blomar og frø

Frukt, grønsaker, planter, blomar og frø

Når du reiser sjøl, er det grense for kva du kan ta med deg av grønsaker, frukt, bær, planter og frø til Noreg.

Innførsel av landbruksprodukt er underlagt særlege reglar for å sleppe unna plante- og husdyrsjukdommar.

Du kan likevel ta med deg følgjande frukt, bær, planter og plantedelar til privat bruk uten løyve

  • inntil 10 kilo frukt, bær og grønsaker
  • inntil 25 stk. avskorne blomar
  • inntil 3 kilo blomsterløk og blomsterknollar
  • inntil 5 stk. potteplanter (stueplanter) frå europeiske land
  • inntil 50 porsjonspakningar med frø

Dersom du har med deg større mengder enn dette, må du ha plantesunnheitssertifikat for varene.

Obs! Du må ha eit særleg løyve for å ta med deg potetar til Noreg uansett mengde.

Plantevernmiddel

Det er ikkje lov for ein privatperson å ta med seg plantevernmiddel til Noreg, verken yrkespreparat (som krevar at brukaren er godkjend) eller hobbypreparat til bruk i eigen hage.

Oppdatert: 10.12.2024