Laurdag 27. april setter vi NCTS-leveranse i produksjon, og det er planlagt nedetid frå kl. 12 til 14.
Leveransen inneheld følgjande endring som blei varsla på toll.no 14.11.2018:
Validering av TIN-felt for avsendar og mottakar ved innsending av deklarasjonsdata (IE015) til Tolletaten. Les meir her
I denne perioden vil NCTS (MCC, GMS, ECN, RAC), nasjonal og internasjonal trafikk ikkje vere tilgjengeleg.
I tillegg minner vi om at naudprosedyre må nyttast for alle oppstartar i dette tidsrommet, både frå autoriserte avsendarar og hos Tolletaten.