Sendingsregelen og territorialitetsprinsippet
Sendingsregelen og territorialitetsprinsippet
For å få preferansetollbehandling er det ikkje nok med eit opphavsbevis. Sendingsregelen og territorialitetsprinsippet må også vere oppfylte.
Er vara fortolla i eit tredjeland, får du som regel ikkje preferanse for vara di når ho kjem til mottakarlandet. Nokre av handelsavtalane har ordningar som likevel gjer at dette er mogleg.
Hovudregelen er at varene skal sendast direkte frå Noreg til mottakarland. Det finst likevel unntak og dei enkelte frihandelsavtalane har reglar for dette.
Varene kan sendast gjennom andre land føresett at dei har vore under Tolletatens kontroll. Opphavsvarer kan også sendast til tredjeland på utstillingar eller demonstrasjonar, utan at dei mister statusen sin som opphavsprodukt.
I tillegg til at sendingsregelen skal vere oppfylt, må også territorialitetsprinsippet vere oppfylt. I dei fleste frihandelsavtalane er det territoriale krav. Dette går i korte trekk ut på at opphavsprodukt mister retten sin til preferansetollbehandling dersom produktet har vore utanfor verkeområdet for avtalen.
Oppdatert: 18.12.2024