Utfylling av opphavserklæring ved eksport
Utfylling av opphavserklæring ved eksport
Her finn du reglene for utfylling av opphavserklæring. Korrekt utfylt gjev tollforvaltninga i mottakarlandet eit formelt grunnlag til å gje deg preferansetollbehandling.
Opphavserklæringa blir påført av deg som eksportør på faktura eller eit handelsdokument. Bruker du opphavserklæring skal Tolletaten ikkje involverast.
Ei opphavserklæring kan berre brukast dersom verdien av opphavsprodukta i sendinga ikkje overstig NOK 65 000,-. Er du ein såkalla ”godkjend eksportør” er det inga øvre grense.
Ei opphavserklæring kan utferdast på eit kvart av dei offisielle språka til avtalepartane. Vi rår til at du bruker same språkform som i fakturaen. Under opphavserklæringa skal det påførast stad og dato for utferding, med mindre desse opplysningane kjem fram ein annan stad på dokumentet.
Opphavserklæringa skal i utgangspunktet vere underteikna i original. Namnet på den som underteiknar, skal også førast på. "Godkjende eksportørar" kan få dispensasjon frå kravet om underskrift i original av Vareførselsdivisjonen.
Ei opphavserklæring er gyldig mellom 4 og 12 månader avhengig av hvilken frihandelsavtale som nyttast.
Opphavserklæringa (tekst vist nedanfor) skal fyllast ut i samsvar med fotnotane (desse treng ikkje påførast dokumentet).
Norsk versjon
Eksportøren av produktene omfattet av dette dokument (tollmyndighetenes autorisasjonsnr....(1)) erklærer at disse produktene, unntatt hvor annet er tydelig angitt, har .... preferanseopprinnelse (2).
(Sted og dato)
..............................................................
(Eksportørens underskrift; i tillegg, namn på personen som underteiknar erklæringa med trykte bokstavar)
(1) I parentesen skal autorisasjonsnummeret til ein godkjend eksportør påførast. Tollforvaltninga tildeler autorisasjonsnummer. Er opphavserklæringa utferda av ein eksportør som ikkje er autorisert, skal teksten i parentesen utelatast heilt, eller plassen stå open.
(2) Her skal opphavsstatus/-land for produkta førast opp. Dersom eksporten er regulert av EØS-avtalen - og produkta oppfyller vilkåra for å ha EØS preferanseopphav - skal "EØS" eller "EEA" påførast her. Det enkelte landet skal ikkje nemnast når vara har EØS preferanseopphav og blir eksportert til EØS-land. Dersom produkta har norsk preferanse-opphav etter andre avtalar enn EØS-avtalen, skal "norsk" eller "Norwegian" påførast.
Engelsk versjon
The exporter of the products covered by this document (customs authorization No. ...(1)) declares that, except where otherwise clearly indicated, these products are of ..... preferential origin (2).
En komplett oversikt finner du i Opprinnelseskonvensjonens tillegg 1, side 179.
Oppdatert: 4.12.2024