Gå til innhold

[Utgått]Forsegling av "Følsame varer"

Tolldirektoratet har motteke informasjon frå svenske tollmyndigheiter  som hevdar at Tolletaten i Noreg og autoriserte avsendarar ikkje i tilstrekkeleg grad nyttar forsegling som identifikasjonstiltak ved oppstart av transitteringar som inneheld ”Følsame varer”.
I  samsvar med Transitteringskonvensjonen, Artikkel 11,  skal identifisering av varer vanlegvis sikrast  ved bruk av forsegling. Avgangstollstaden kan likevel sløyfa forsegling dersom varene er lette å kjenna att. Følsame varer/høgt skattlagde varer, dvs. varer som er tekne inn i Bilag I til Vedlegg I til Transitteringskonvensjonen, skal i alle høve alltid forseglast.
 
Startar transitteringen opp under normal prosedyre i Noreg, skal forseglinga setjast på av Tolletaten på avgangstollstaden.  Autoriserte avsendarar som startar opp transitteringar med  Følsame varer/høgt skattlagde varer under forenkla prosedyre,  må forsegla transitteringen når varene  er frigjevne for transittering.
 
Det er ikkje svenske myndigheiter si oppgåve å forsegla norske transitteringar ved grensepassering inn til EU. Påsetjing av forsegling  og registrering av hendinga i NCTS krev i dag uturvande ekstra ressursbruk for svenske tollmyndigheiter.
Direktoratet må be regionane  om å ta dette problemet opp med dei seksjonane dette gjeld, likeeins   med dei autoriserte avsendarane som tilhøyrer regionen.
 
Me vil til slutt presisera at ved transport av Følsame varer skal varenummer (6 siffer) oppførast i rubrikk 33 på transitteringsdeklarasjonen,  og garantitype ”0” (Garantifritak)  kan ikkje nyttast for transitteringar  som inneheld denne type varer.