Mattilsynet vil med verknad frå 5. juni 2007 leggje om rutinane ved import av sunnheitssertifikatpliktige varer (pos.06.01, 06.02 og ex.06.03 samt varer i kap.44).
Omlegginga fører ikkje med seg store endringar av Tollvesenet sine rutinar.
Mattilsynet legg den 5. juni 2007 til rette for ei ny elektronisk rapporteringsrutine knytte til Mattilsynet sitt fagsystem MATS. Importørane skal frå nemnde dato rapportere opplysningar frå sunnheitssertifikatet gjennom portalen "Altinn".
Endringa fører med seg at importør skal ta vare på sunnheitssertifikatet i 3 år. Sunnheitssertifikatet vert ikkje stempla av Mattilsynet. Der det er krav om godkjenning av sunnheitssertifikat, skal originalt sunnheitssertifikat eller tilsvarande, og utskrift frå "Altinn" som visar at status frå Mattilsynet er "Godkjend", kunne leggjast fram for Tollvesenet. For å hente slik utskrift ved kontroll, må importørane mellombels bruke print screen funksjonen, då direkte utskrift frå Altinn ikkje er mogleg. Utskrift eller kopi av print screen bildet vert send Tollvesenet på avtalt måte.
Jf. FOR2000-12-01-1333 - Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere.
Tidlegare har kravet til stempla sunnheitssertifikat berre omfatta varer til dyrking og formeiring, levande planter med meir (pos.06.01 og 06.02) og potetar (pos 07.01).
Frå 5 juni 2007 vil dei same reglane verta sett i verk ved import av:
- frø og korn
- tre, trevirke, tømmer og flis med meir
- blomar av orkidéfamilien frå Thailand.