- ferskt kjøtt, kverna og tillaga kjøtt (td. kjøttdeig, kjøttfarse ol.)
- andre kjøttprodukt (pølser, spekevarer, karbonadar, kjøttkaker)
- mjølk og mjølkeprodukt
- huder og skinn
- hermetiske varer
Opplistinga er ikkje uttømmande, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon om nemnde forskrift.
Forbodet gjeld all import av nemde varer frå motarbeidings- og overvakingsonane i Surrey (UK). Forbodet gjeld all import, men særlege tiltak vert sette i verk ved grenseovergangar der reisande frå England kjem inn i landet. Alle kjøtt- og mjølkeprodukt som kjem frå Surrey i England, og som ikkje har eit (særskilt) helsesertifikat frå engelske styresmakter som dokumenterer at vara er fri for smitte, blir haldne attende og gjort til inkje. Forbodet gjeld òg utførsel av levande klauvdyr til dei ramma områda i Storbritannia
Kjøtt og mjølkeprodukt som blir haldne attende skal handsamast som høgrisikoavfall.
Tollvesenet og Mattilsynet ber publikum og reisande om å følgje gjeldande oppmodingar for å hindre at sjukdommen kjem til Noreg, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon.