Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2011 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Returkartong AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2011 til og med 30. juni 2012.
Retursystemet til Norsk Returkartong AS gjeld for drikkevareemballasje av kartong (eingongsemballasje).
Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i den gjeldande perioden, er fastsett til 88 %. Dette inneber ei avgift på 12 % av ordinær sats.
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MA 212 og 412.