Gå til innhold

[Utgått]Askim Frukt- og Bærpresseri AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 12. juni 2012 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Askim Frukt- og Bærpresseri AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2012 til og med 30. juni 2013.
Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 85 %. Dette inneber ei avgift på 15 % av ordinær sats.
 
Retursystemet til Askim Frukt- og Bærpresseri AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (emballasje til gjenbruk).
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 115, 215, 315 og 415 for drikkevareemballasje av glas.
 
Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere med redusert avgift.