Gå til innhold

[Utgått]K. G. Puntervold AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Miljødirektoratet har i brev av 13. juni 2014 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til K. G. Puntervold AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2014 til og med 30. juni 2015.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt fritak for avgifta. 

Retursystemet til K. G. Puntervold AS gjeld for drikkevareemballasje av glas for gjenbruk

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas. 

Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere med redusert avgift.