Gå til innhold

[Utgått]Norsk Metallgjenvinning AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Miljødirektoratet har i brev av 13. juni 2014 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2014 til og med 30. juni 2015.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 64 %. Dette inneber ei avgift på 36 % av ordinær avgift. 

Retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS gjeld for drikkevareemballasje (eingongsemballasje) av metall. 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MB 136, 236, 336 og 436 for drikkevareemballasje i metall.