Gå til innhold

[Utgått]Miljøavgift på drikkevareemballasje - Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS

Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS har miljøavgift på drikkevareemballajse.

Miljødirektoratet har fattet vedtak om redusert avgift og fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017.

Miljødirektoratet har i brev av 15. juni 2016 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017. 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt fritak for avgifta. 

Retursystemet til Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS gjeld for drikkevareeemballasje av glas og plast (PET) for gjenbruk. 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas og avgiftskodane MP 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av plast.