Gå til innhold

[Utgått]Norsk Returkartong AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 12. juni 2012 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Returkartong AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2012 til og med 30. juni 2013.

Retursystemet til Norsk Returkartong AS gjeld for drikkevareemballasje av kartong (eingongsemballasje).
 
Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i den gjeldande perioden, er fastsett til 90 %. Dette inneber ei avgift på 10 % av ordinær sats.
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MA110, 210, 310 og 410.