Gå til innhold

[Utgått]Ringnes AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 12. juni 2012 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Ringnes AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2012 til og med 30. juni 2013.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt avgiftsfritak.
 
Retursystemet til Ringnes AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (emballasje til gjenbruk).
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas.
 
Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere utan avgift.