Gå til innhold

[Utgått]Avgift på båtmotorar - avgiftsgrunnlaget for vass-scooter med vassjet

På bakgrunn av nyleg vedtak i ei sak om båtmotoravgift, ønskjer direktoratet å presisere korleis avgiftsgrunnlaget vert fastsett for motorar med vassjet som framdriftseining.

Toll- og avgiftsdirektoratet føresette i saknr. 10/30073 at produsentens spesifikasjon av «estimated pump power» for ein vass-scooter var det same som motoreffekten målt på scooterens impelleraksling. I samband med ei ny sak, nr. 13/23339, er det avklara at omgrepet «estimated pump power» ikkje er effekten målt på impelleraksling, men effekten av vass-strålen som vassjet-aggregatet produserer.

Direktoratet vil derfor presisere at resultatet i saknr. 10/30073 ikkje kan leggjast til grunn for fastsetjing av motoreffekt for fartøy med vassjet som framdriftseining. Vi vil samstundes gje nokre generelle merknader om fastsetjing av avgiftsgrunnlaget for slike fartøy.

Fastsetjing av avgiftsgrunnlaget etter særavgiftsforskrifta

§ 3-15-2

Det følgjer av særavgiftsforskrifta (saf.) § 3-15-2 at avgiftsgrunnlaget for båtmotoravgift er motorens «effekt målt i hestekrefter, jf. ICOMIA STANDARD nr. 28». For båtmotorar utan framdriftseining skal effekten målast «på veivaksel», jf. tredje setning. Ved «komplette hekkaggregater, utenbordsmotorer og andre båtmotorer med fremdriftsenhet» skal ein måle effekten på «propellaksel», jf. andre setning.

Måling av motoreffekten på impellerakslingen

Fartøy med vassjet som framdriftseining har ingen propellaksel i tradisjonell forståing, men det går vanlegvis ein aksling frå motoren bak til ein impeller. Impelleren har same funksjon som ein propell, og kan også ofte vere forma som ein propell, berre med kortare blad, slik at den kan rotere raskare. Impelleren er plassert i pumpehuset og produserer vass-strålen som driv vass-scooteren framover.

Det er i forvaltingspraksis lagt til grunn at ein kan likestille motoreffekten på impellerakslingen med effekten på propellakslingen i høve saf. § 3-15-2 første avsnitt. Dette byggjer på likskapen mellom dei to, og har også støtte i ei fråsegn som direktoratet har innhenta frå Institutt for marin teknikk ved NTNU.

Måling av vass-stråleeffekten

Produsenten kan i visse tilfelle også ha opplyst effekten av vass-strålen som vassjet-aggregatet produserer. Direktoratet legg til grunn at måling av vass-stråleeffekten ikkje kan likestillast med måling av motoreffekten på «propellaksling», jf. ordlyden i saf. § 3‑15‑2.