Gå til innhold

[Utgått]Norsk Returkartong AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 17. juni 2013 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Returkartong AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2013 til og med 30. juni 2014.

Retursystemet til Norsk Returkartong AS gjeld for drikkevareemballasje av kartong (eingongsemballasje).

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i den gjeldande perioden, er fastsett til 92 %. Dette inneber ei avgift på 8 % av ordinær sats.

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MA108, 208, 308 og 408.