Gå til innhold

[Utgått]Smugla alkohol og sigarettar i Eidskog

Tollarar stoppa polsk statsborgar med 763 liter alkohol og 6 000 sigarettar i personbilen.

Tollarar frå Kongsvinger reagerte på ein «norskregistrert» Skoda Oktavia som køyrde riksveg 21 i Eidskog fredag ettermiddag. Tollarane observerte bilen då den passerte kontrollstasjonen på Magnormoen.

Dei stoppa bilen ved Ingelsrud og fann då at sjåføren var ein polsk statsborgar (27). Sjåførenvar på tur til Oslo. Personbilen var fylt opp med alkohol og sigarettar, som var plassert overalt i bilen. Tollarane fann i alt 598,5 liter øl, 164,5 liter brennevin og 6 000 sigarettar. I bilen låg og dei originale polske skilta.

Tollbeslaget utgjer 120 000 kroner i avgifter til staten. Mannskap fra Innlandet politidistrikt henta den polske statsborgaren.

Personbilen inneheld 763 liter alkohol og 6 000 sigarettar. Foto: Tolletaten. Last ned større bilete.