Dei tre rumenske statsborgerane kom aldri til Stavanger. Ferda enda på Svinesund tollstad etter at tollerane fann 52 000 sigarettar i varebilen.
Mistenksame tollarar trudde ikkje at dei tre var på veg til Stavanger for å finne arbeid og varebilen ble tatt ut til ein grundig tollkontroll. Skanninga av varebilen avdekka at sigarettane var gøymde i veggane.
I tillegg til sigarettane fann tollarane 44 liter alkohol i bilen. Tollbeslaget utgjer 178 000 kroner i avgifter.
Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, 913 61 780