Det er nå lov å ta med 19 ulike reptil til Noreg. 12 av desse er Cites-regulert. Privatpersonar kan ta med reptil frå alle land. Kommersielle aktørar, til dømes dyrebutikkar kan berre kjøpe reptil i eit EU/EØS-land.
Dersom du innfører slike dyr, skal du gå på raud sone.
Du må kunne prove at dyret er ein av de lovlege artane og at det er født i fangenskap. Nokre av reptila krev Cites-løyve (tillatelse) i tillegg.
Dersom verdien på dyret overstig den tollfrie reisendekvoten , skal du betale meirverdiavgift.
Husk at alt du har handla i utlandet er med i verdigrensa, også typiske tax-free varer.