Nederlendar tatt med 38,5 kilo khat i bagasjen.
Tollarar på Oslo lufthamn fann 38,5 kilo fersk khat då dei kontrollerte bagasjen til ein nederlandsk statsborgar (52) om kvelden 7. mars. Mannen sa han skulle vitje familie i Noreg.
Den reisande vart levert til politiet på Gardermoen saman med khatbeslaget etter tollkontrollen.