Tollarar frå Østby tollstad fann over 14 000 liter alkohol i ein polskregistrert lastebil i Drevsjø i Hedmark om ettermiddagen 3. september.
Lasta med alkohol besto av 13 284 liter øl og 802 liter brennevin, konstaterte tollarane som talte opp beslaget. Tollbeslaget utgjer 1 080 805 kroner i avgifter.
Tollarane fann og ein sprettkniv og ein peparspray i bilen. Tolletaten ber om at bilen vart inndratt då den er brukt til smugling og i dårleg stand.
Den polske statsborgaren (29), som køyrde bilen, sa han hadde 18 pallar med bygningsmateriell i lasta då han vart stoppa av tollarane søndag ettermiddag. Mannen vart henta av ei patrulje frå Trysil lensmannskontor.
Kontakt: Seksjonssjef Inge Emil Berg, Østby tollstad, telefon 909 27 081.