Tolletaten tok nyleg eit større parti blå MDMA/ecstasy-piller på veg inn til Noreg. Pillene er trekanta med hovudskalle-logo frå filmen "The Punisher". Dette kan vere same type tablettar som britiske myndigheiter åtvara mot i sommar etter at to ungdommar døydde av bruken.
Dersom du har kjøpt MDMA eller ecstasy med dette designet, kan det vere at du har fått stoff med ein døyeleg samansetnad. Har du kjøpt slike piller for å selje? Ikkje gjer deg skuldig i at nokon andre døyr. Destruer pillene slik at ingen døyr.