Gå til innhold

Import av fritidsbåt

Når du som privatperson skal importere ein fritidsbåt til Noreg, må du betale 25 prosent meirverdiavgift (mva) av totalverdien. Har du under opphald i utlandet fått utført reparasjonar, vedlikehald eller andre utbetringar på båten, skal du også deklarere og betale 25 % meirverdiavgift av disse kostnadane. 

Du skal ikkje betale tollavgift for import av fritidsbåt. Tilsvarande gjeld for næringsdrivande som ikkje er registrert i mva-registeret. 

Totalverdien = båtverdien + frakt + eventuelle andre kostnader som har kome på i utlandet som t.d. kostnader til utbetring, ombygging, CE-merking og liknande.

Dersom båten fraktes på egen kjøl er det egne sjablongsatser for beregning av fraktkostnad ved innførsel frå Sverige, Danmark og Tyskland.

Les meir her om sjablongsatser.

Du må betale meirverdiavgift uansett alderen på båten. Tollverdien (grunnlaget for berekning av meirverdiavgift) blir fastsett etter reglane i vareførselsloven kapittel 6. 

Døme: 

Ein båt blir kjøpt i Danmark for 65 000 kroner. Frakt- og forsikringskostnader fram til Noreg kjem på 1 500 kroner. Du skal betale: 

Meirverdiavgift: (65 000 kroner + 1 500 kroner) * 25 % 
= 16 625 kroner 

Ein båt blir kjøpt i Tyskland for 50 000 kroner. Frakt- og forsikringskostnader fram til Noreg kjem på 2 500 kroner. I tillegg betaler du for enkle utbetringar med totalt 8 000 kroner. Du skal betale: 

Meirverdiavgift: (50 000 kroner + 2 500 kroner + 8 000 kroner) * 25 % 
= 15 125 kr 

Du skal ikkje betale tollavgift for fritidsbåtar. 

Slik importerer du båten

Ta straks kontakt med Tolletaten når du kjem til Noreg med båten du skal importere. Tolletaten vil berekne avgiftene du skal betale. 

  • Kjem du køyrande: Vel ein grenseovergang med betjent tollstad. 

  • Kjem du sjøvegen: Gå direkte til et sted hvor tollmyndighetene er stasjonert, med

    mindre tollmyndighetenes tillatelse til å gå til et annet sted er innhentet på forhånd.

Les meir her for oversikt over tollstader i Noreg

Verksemder som er registert i mva-registeret

For verksemder som er pliktig å registrere seg i mva-registeret, blir innførsels-mva ikkje lenger berekna, rapportera inn og betalt via ein deklarasjon for prosedyren overgang til fri disponering, det skal skje i mva-meldinga. .

Krav til CE-merking av båtar og motorar ved innførsel

Alle båtar med lengd på skroget frå 2,5 til 24 meter og vasscooterar skal vere CE-merkte. Unnateke er båtar som var i bruk i eit EU/EØS-land før 16. juni 1998. CE-merket viser at båten oppfyller tryggleikskrava for båttypen. 

Motorar skal i utgangspunktet vere CE-merkte av produsenten. 

Turistar og andre som er i Noreg mellombels

Dersom du er turist eller har anna mellombels opphald i Noreg, kan du ta med deg utanlandsk fritidsbåt mellombels utan å betale avgifter. Båten skal vere til personleg bruk, og han kan ikkje nyttast av personar med fast opphald i Noreg. Dersom du oppfyller desse vilkåra, treng du ikkje å melde deg for Tolletaten ved innførselen. 
 
Båten må utførast når du forlèt landet. Han kan likevel etterlatast på visse vilkår. 

Flytte til Noreg

Du kan ta med deg fritidsbåten avgiftsfritt til Noreg dersom desse vilkåra er oppfylte: 

  • Du må ha budd i utlandet, eller ha hatt opphald på Svalbard eller Jan Mayen, samanhengande i minst fem år like før innreisa. 

  • Båten må ikkje vere over 15 meter. 

  • Du må ha eigd båten i minst 12 månader før innreisa og brukt han i utlandet,eller på Svalbard eller Jan Mayen, i same tidsrom. 

  • Du må ta med deg båten til Noreg seinast eitt år etter innreisa. 

  • Du må behalde båten og tilhøyrande utstyr i minst to år etter deklarering for overgang til fri disponering før han kan seljast eller overdragast. 

Du må dokumentere vilkåra når du innfører båten. Søknad om avgiftsfritak skal sendast til Vareførselsdivisjonen i Tolletaten. Kontaktinformasjon