Det er dei forskjellige avtalane med EU som regulerer tollsatsen.
Den preferensielle handelen med fisk og sjømat med EU er i hovudsak regulert av tre avtalesett:
- Det såkalla "fiskebrevet" frå 1973 med seinare endringar
- Protokoll 9 i EØS-avtalen av 1994
- Kompensasjonsavtalane av 1995, 2004 og 2007
EØS-avtalen er i dag den viktigaste avtalen som regulerer samhandelen mellom Noreg og EU.
Reglane i EØS-avtalen som regulerer handelen med fisk og sjømat, er tekne inn i Protokoll 9, medan opphavsreglane finst i PEM-konvensjonen.
Vareomfanget i avtalane med EU
Tabellen viser i grove trekk vareomfanget i desse avtalane
EØS-avtalenProtokoll 9 | Fiskebrevet (EF/Noreg) | Kompensasjonsavtalane(EF/Noreg) |
---|---|---|
Tabell II - tollfridom: Kvitfisk (torsk, hyse,sei, blåkveite), fersk, kjølt, fryst, salta, tørka - også ferske eller kjølte filetar |
Full tollfridom - kvotar: Klippfisk av torsk |
Tollfrie kvotar: Ulike produkt av bl.a laks, reker, krabbar, sild, makrell og sjøkreps |
Tabell III - tollreduksjon 30 %: Fiskeprodukt ikkje nemde i Tabell II og Vedlegg til Tabell III (f.eks. fryste filetar av kvitfisk)
|
Tollreduksjon: Fryste filetar av sild og makrell - 3 % Fryste, reinsa reker - 7,5 % |
Tollreduksjon: Fryste sildelappar - 3 %
|
Vedlegg til Tabell III - ordinær toll: Laks, makrell, sild, reker, sjøkreps, kamskjell |
Det er viktig å sjekke både EØS-avtalen, Fiskebrevet, Kompensasjonsavtalene og EFTA-Konvensjonen, da det er gitt forskjellige tollreduksjoner i de forskjellige avtalene. Ved flere eksempler vil det være mer gunstig å benytte Fiskebrevet fremfor EØS-avtalen.
Opplysning om opphavslandet
Ønskjer du å bruke dei autonome kvotane i EU og/eller WTO (GATT)-kvotar for fisk og annan sjømat, er det EUs nasjonale ikkje-preferensielle opphavsreglar som gjeld.
Stadfesting av preferansetollbehandling skal skje etter desse retningslinene:
Brukast ein av kvotane fastsett i ein av kompensasjonsavtalane eller fiskebrevet skal "Noreg" oppgjevast som opphavsland. Dersom kvoten på importtidspunktet er oppbrukt, vil EØS-preferanse verte godkjend. Brukast Protokoll 9 til EØS-avtalen og "EØS" er oppgjeve som opphavsland, vil berre preferansesatsen som gjeld for EØS verte gitt.
Det vil seie at i samsvar med punkt 1 vil EØS-preferanse verte gitt når ein bilateral tollfri kvote er oppbrukt og Noreg er oppgitt som opphavsland i opphavsbeviset og det ikkje er tvil om opphavsstatusen til varene.
Oppføring av "EØS/NOREG" eller "EØS-NOREG" som opphavsland skal ikkje brukast.
I kompensasjonavtalane har EU gitt tollfrie kvotar for fisk med norsk opphav. Under Protokoll 9 er det inga kvoteavgrensing, men for enkelte fiskeslag er det berre ein reduksjon av ordinær toll.