Eksportør av fisk
Om du er eksportør eller leverandør av fisk eller annan sjømat ligg dei sama dokumentasjonskrava til grunn.
Opphav
Med eksportør i denne samanhengen meiner vi ei bedrift som utferdar opphavsbevis ved eksport til utlandet.
Det som kjenneteiknar ein leverandør, er at dei i første rekkje leverer opphavsmateriale eller opphavsprodukt til eksportørar. Som dokumentasjon på opphavet vil desse utferde ei nasjonal leverandørerklæring.
Både eksportørar og leverandørar har same krav til å dokumentere opphavet på dei produkta som det blir utferda opphavsdokumentasjon for.
Eksportør/leverandør kan igjen delast opp i to hovedgrupper - produsentar eller forhandlarar. Enkelte bedrifter kan operere både som produsent og forhandlar. I denne samanhengen er ein produsent den som har produsert eksportvara etter dei krava som er fastsette i gjeldande frihandelavtale.
I eksportdokumenta skal varene kunne følgjast frå landinga av råvara, gjennom eventuell produksjon og heilt til eksporttidspunktet. Dette er forhold som du som eksportør må ta høyd for før du utferdiga eit opphavsbevis.
Har du ikkje meir grunnlagsdokument enn ein nasjonal leverandørerklæring? Då må leverandøren som har utferdiga denne ha grunnlagsdokumentasjon til støtte for si erklæring.
Godkjend eksportør
Ein godkjend eksportør er ein eksportør som er gjeven løyve av tollstyremaktene til sjølv å utferde opphavsbevis (opphavserklæring) uavhengig av verdien av opphavsprodukta. I nokon frihandelsavtaler kan eksportørar som ikkje har slikt løyve, berre bruke opphavserklæring når verdien av opphavsprodukta ikkje overstig EUR 6000 (tilsvarande NOK 65 000).
Kor går eksporten?
- Eksport til EU
- Eksport til eit land utanfor EU som vi har frihandelsavtale med
- Eksportere til eit land vi ikkje har frihandelsavtale med
Mannskapskrav i frihandelsavtalane
For fiskeeksport er det i mange døme krav om at vara må vere fremstilt i si heilhet i eksportlandet. For fisk fanga utenfor tollområdet er kravet at fangsten må vere gjort av «deira fartøy», dvs. avtaleparten sitt fartøy.
Land knytta til Opprinnelseskonvesjonen (PEM), der dei nye reviderte reglane kan nyttast gjeld følgande
- Ingen mannskapskrav.
- Sjå hvilke land som har tatt dei nye reviderte reglane
Land knytta til Opprinnelseskonvensjonen (PEM) som ikkje har tatt dei nye reviderte reglane gjeld følgande
- Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må kome frå eit EFTA-land eller vedkommande avtalepart.
"Fiskebrevet"
- Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må kome frå Noreg eller eit EU-land.
Tilleggsavtalar til handelsavtala frå 1973 (Kompensasjonsavtalane)
- Ingen mannskapskrav.
Andre frihandelspartar
Canada, Chile, Colombia, Costa Rica, Ecuador, Gulf Cooperation Council (Bahrain, Kuwait, Oman, Qatar, Saudi Arabia og De Forente Arabiske Emirater), Fillippinene, Hongkong, Indonesia, Panama, Peru, Singapore, South African Customs Union (Botswana, Namibia, Eswatini, Sør-Afrika og Lesotho), Sør-Korea:
- Ingen mannskapskrav.
Mexico:
- Alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet må komme frå eit EFTA-land eller Mexico.
Oppdatert: 9.12.2024