Eksport utan frihandelsavtale - Bedrift
Eksport utan frihandelsavtale
Her finn du reglane for eksport av fisk til eit land Noreg ikkje har frihandelsavtale med.
Nasjonale opphavsreglar
Her gjeld nasjonale (ikkje-preferensielle) opphavsreglar i importlandet.
I dag varierer dei nasjonale opphavsreglane for landa. Enkelte land har generelle reglar, medan andre har eit meir detaljert regelverk.
Normalt gjeld prinsippet om at opphavslandet for råvarer er det landet der råvarane stammar frå / er produserte. Slikt opphav blir stadfest ved utferding av eigne nasjonale opphavsbevis.
For tilarbeidde varer (der råvara kjem frå andre land), er opphavslandet det landet der varene har gjennomgått den siste vesentlige tilarbeiding og fått den noverandre forma si.
Her kan det visas til Certificate of Origin som det mest brukte sertifikatet dersom ikkje importlandet har eige dokument. Sjekk med importøren kva krav det er til visering/legalisering.
Relatert innhald
Oppdatert: 9.12.2024