Gå til innhold

Nasjonal leverandørerklæring ved eksport av fisk til ein frihandelspart

Ein eksportør som skriv ut opphavsbevis må alltid kunne dokumentere opphavet.

Når eksportøren kjøper ei vare frå ein norsk leverandør kan leverandøren utferde ei nasjonal leverandørerklæring for all fisk mv. som skal eksporterast til utlandet, og som oppfyller krava til opphavsvarer, jf. tollforskrifta § 8-4-6.

Fisk fanga utanfor avtalepartens territorialgrense

Erklæringa kan påførast fakturaen, sluttsetelen eller eit anna handelsdokument. I dei tilfella eksportøren er kjøpar i fyrste ledd og dei eksporterte varene er dei same som ved landinga (ikkje tilarbeidde), kan sluttsetel som har nasjonal leverandørerklæring påført nyttast som dokumentasjon for å utferde opphavsbevis. I alle andre tilfelle må eksportøren som hovudregel ha ei nasjonal leverandørerklæring frå sin norske leverandør. 

Ver merksam på at kravet til mannskap, fartøyførar og andre offiserar når det gjeld nasjonalitet kan vere ulike i nasjonalt lovverk og frihandelsavtalane, når produktet er frå fiske og fangst utanfor territorialgrensa. I slike tilfelle er difor sluttseddel eller anna handelsdokument ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til at eksportøren kan utferde eit opphavsbevis. Det er fartøya/rederia som må syta for at nasjonal leverandørerklæring utferdast. Det som då er viktig er at erklæringa påførast eit dokument som følgjer vara heilt til sluttkjøpar, og ikkje stoppar opp hos salslaga.

Opphavsreglane i gjeldande handelavtale ved eksport gjeld som tidligare. Ein ber særleg eksportøren vere merksam på offisers-/mannskapskravet når det gjeld nasjonalitet i dei ulike frihandelsavtalene. Der det ut frå opplysningane på sluttsetel er uvisse rundt bemanninga, må eksportøren på anna vis forvisse seg om at kravet i den aktuelle frihandelsavtala er oppfylt før opphavsbeviset blir utferda. 

Fisk fanga innanfor avtalepartens territorialgrense

Der fiske og fangst er skjedd innanfor territorialgrensa er det ikkje krav til fartøysførar eller besetning mv. I slike tilfelle vil sluttsetel utan leverandørerklæring vere tilstrekkeleg til at dokumentasjonskravet til eksportøren er oppfylt. 

Nasjonal leverandørerklæring

Følgjande tekst skal brukast:

Leverandøren av produkta som er omfatta av dette dokumentet erklærer at produkta, unntatt de anna er tydelig opplyst om, har ......1) preferanseopprinnelse.

........

(Stad og dato)

.............

(Leverandøren si underskrift; i tillegg namnet på personen som underteiknar erklæringa med trykte bokstavar)

1) Her skal produkta si opphavsstatus/-land angjevast. Det vil seie om varene har opphav i Noreg eller EØS, eventuelt i eit anna avtaleland.

Nasjonal leverandørerklæring kan påførast faktura, eit fraktdokument, andre handelsdokument eller på eit særskilt brevpapir. Blir erklæringa oppgitt på andre dokument enn fakturaen, må det gjevast ei referanse til den eller dei aktuelle leveransane som er dekt/omfatta av erklæringa, samstundes som det må være mogleg å identifisere varene.